Job type: Vikariat

Loading ...

Job content

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit bredt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.


Frå 01.10.21 til 31.07.22 er det ledig inntil 25% vikariat/ringevikariat i engelsk. Stillinga gjeld hovudsakeleg undervisning i ein klasse på yrkesfag, men det kan også være moglegheit for ekstraundervisning/vikartimar på andre programområde vi tilbyr, ved behov.

Frå 01.10.21 til 31.07.22 er det ledig inntil 30% vikariat/ringevikariat i realfag. Stillinga gjeld hovudsakeleg naturfag og matematikk på yrkesfag, men andre fag er også aktuelle. Noko kveldsundervisning kan vera aktuelt.

Me oppfordrar studentar til å søkje.


Stillingane er fordelt på fag om lag slik:

  • Realfag: Inntil 30%
  • Engelsk: Inntil 25%

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga, samt godkjent praktisk pedagogisk utdanning (unntak kan gjerast)
  • Godkjent politiattest
  • Gode norskkunnskaper

Me ynskjer:

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
  • Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter

At du er personleg skikka vil bli vektlagt.


Skulen tilbyr:

  • Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
  • Ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter tariff

Søknadsfrist: 26.09.21.


Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar for realfag: Gunnar Solheim, telefon: 98 41 58 47, e-post gunnar.solheim@skole.rogfk.no

Avdelingsleiar for språk: Katrin Kine Frostadottir, telefon: 91 91 38 07, e-post katrin.kine.frostadottir@skole.rogfk.no

Loading ...
Loading ...

Deadline: 30-06-2023

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...