Position: Associate

Job type: Full-time

Loading ...

Job content

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi har ledig fast 100% stilling som seniorkonsulent innanfor rekneskap

Stillinga vil vere knytta til Avdeling for økonomi, seksjon for rekneskap, som er leda av Direktør for økonomi og arealforvaltning. Seksjonen har eit stort og bredt ansvarsområde innanfor rekneskapsområdet.

Stillinga har arbeidsstad på ein av høgskulen sine fem campus: Bergen, Sogndal, Førde, Stord eller Haugesund.

Ansvars- Og Arbeidsoppgåver

Seniorkonsulent på rekneskapsområdet vil ha følgjande oppgåver:
  • Rekneskaps- og økonomiarbeid i bestillings- og fakturagodkjenningssystemet (bilaghandsaming/forkontroll/ etterkontroll)
  • Støtte og rettleiing i bestillings- fakturagodkjenningssystemet
  • Administrere tilgangar i bestillings- og fakturagodkjenningssystemet
  • Oppfølging av inkassosaker
  • Avstemmingsoppgåver
  • Andre oppgåver knytt til Unit4 ERP og som naturleg ligg til stillinga, men og andre driftsoppgåver i seksjon for rekneskap kan være aktuelt
Formell Utdanning Og Kompetanse

Kvalifikasjonskrav:
  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Nyutdanna er velkomne til å søke på stillinga
Personlege Eigenskapar
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
Vi Tilbyr
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell Informasjon

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson Ved Høgskulen På Vestlandet Er
  • Fagansvarleg rekneskap, Ellen England, tlf: 90779144, e-post: Ellen.England@hvl.no
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på våre heimesider.
Loading ...
Loading ...

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...