Loading ...

Job content

Psykologstudentar i hovudpraksis - vår 2024

Klinikk for psykisk helse og rus, Helse Møre og Romsdal HF

(i ny fane)


Om stillinga

Klinikk for psykisk helse og rus søker psykologstudentar i hovudpraksis.

Dei fleste seksjonane i Klinikk for psykiatri og rus tilbyr 1-2 praksisplassar for studentar. Vi har god erfaring med å ha psykologstudentar i hovudpraksis og har fått gode tilbakemeldingar. Målgruppa er psykologstudentar som har lyst til å teste Helse Møre og Romsdal HF som arbeidsstad. Vi søker etter deg som lengtar tilbake til det flotte fylket vårt eller du som vil sjekke det ut.

Det er ulike moglegheiter:

  • Kristiansund: Barn - poliklinikk, Vaksen - Døgnavdeling DPS, ambulant og poliklinikk
  • Molde: Barn - poliklinikk, Vaksen - Døgnavdeling (DPS, Akutt, Utgreiing, Alders), poliklinikk, ambulant og nevrologisk avd., Rus - Døgnavdeling og poliklinikk
  • Ålesund: Barn - døgnavdeling og poliklinikk, Vaksen, Døgnavdeling (DPS, Akutt, Utgreiing, Alders), poliklinikk og ambulant, Rus - Døgnavdeling og poliklinikk
  • Volda: Barn - poliklinikk, Vaksen - Døgnavdeling DPS, ambulant og poliklinikk

Informasjon om praksisplassane:

Poliklinikk for barn: Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og ungdom fra 0 til 18 år gir tilbod om forebyggande arbeid, gjennomfører undersøkingar, gir behandling og råd/rettleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Tilsette her har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut fra tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbodet som blir gitt.

Poliklinikk for voksne: Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga så vil del fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Pasientar med til dømes mindre lidingar kan ha god nytte av å heller møte fastlegen, kommunal psykolog eller kommunalt helseteam.

Døgnavdeling DPS: DPS døgnseksjon har døgnplassar og gir utgreiing, behandling og rehabilitering innanfor eit breitt spekter av psykiske lidingar. Spesielt blir det fokusert på miljøterapi og fysisk aktivitet i tillegg til ulike individuelle og gruppebaserte tilnærmingsmåtar.

Det vil bli gitt svar innan 21. august 2023, og svarfrist på ev. tilbod er innan 15. september 2023.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

15.08.2023

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stillingstittel:

Psykologstudentar i hovudpraksis - vår 2024

Tilsetjingsform:

Praksisplass

Webcruiter-ID:

4643768753

Del på Twitter
Del på LinkedIn
Del på LinkedIn
Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Psykologstudentane som kjem vil få psykolog-arbeidsoppgåver under tett rettleiing i trygge omgjevnader

Vi tilbyr

  • For studentar som har krav om sjølvstendig arbeid i hovudpraksisen sin, vil vi tilby stipend (utbetalt kr.
    30 000,- ved oppstart og kr. 30 000,- ved avslutning) og dekking av opp til kr. 8000,-/mnd av buutgifter inntil 5 mnd (som er reelle og kan dokumenterast)
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass




Kontaktinformasjon

Tonje Sæter
Seksjonsleiar
Telefon:
71 21 73 50
E-post:
Tonje.Seter@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.Sjukehusa i HMR eri Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.Itillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling.Det vert lagttil rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.Vivilat våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.Difor oppmodar vialle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling duvert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din.Bli med på laget!For meir informasjon om helseforetaket, sjåHelse Møre og Romsdal

Loading ...
Loading ...

Deadline: 28-03-2024

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...