Job type: Fast, Vikariat

Loading ...

Job content

Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig bidragsyter for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar; Pasientportørtjenesten, Forsyningstjenesten og Miljøhall og varetransport. Vi er lærebedrift i logistikkfaget og i portørfaget og satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette.

Pasientportørtenesta er ein intern serviceseksjon med døgnkontinuerleg drift. Vår hovudaktivitet er pasienttransport, både på sjukehuset og til andre einingar i Helse Bergen. Seksjonen utfører óg andre transporttenester som henting og levering av prøver og blod og reine og skitne senger. Vi er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Portørfaget blei godkjend som eige fagbrev for få år sidan og vi satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette. Seksjonen er organisert med seksjonsleiar og driftskoordinator og har om lag 50 tilsette.

Vi har no ledig en fast stilling i 100% og et vikariat i 75% i 10 måneder med mogleg forlenging.

Søknadsfrist:
04.12.2022
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Bergen
Stillingstittel:
Pasientportørtenesta - Portør
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform:
Fast, Vikariat
Stillingsprosent:
100, 75
Webcruiter-ID:
4586668473
Startdato:
02.01.2023
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er pasientretta og består mellom anna av:

  • Transport av pasient i seng/ bil/ rullestol
  • Transport av reine og skitne senger
  • Transport av blodprodukt/ prøver og varer
  • Henting og transport av pasientar som kjem med helikopter
  • Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere både fysisk og psykisk krevande
  • Stillinga medfører pt. 3-skiftsarbeid i turnus pt på dag, kveld, natt og 3.kvar helg
Kvalifikasjonar
  • Førakort klasse B
  • Truckførarbevis klasse T1
  • Førstehjelpskurs er ein fordel
  • Særs god norsk munnleg framstilling
  • Grunnleggande datakunnskapar
  • Må kunne arbeide i 3-delt skift
Personlege eigenskapar
  • Ansvarsbevisst og tillitskapande
  • Serviceinnstilt med godt humør
  • Gode kommunikasjonsevner og relasjonsbyggande eigenskapar
  • Systematisk og strukturert
  • Løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kunne jobbe bra under press og takle store mengder arbeid
  • Kunne utføre og trivast med arbeid som kan vere både fysisk og psykisk krevande
  • Kunne efterleve teieplikta
  • Etterleve våre kjerneverdiar i alt arbeid: Respekt - Tryggleik - Kvalitet
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gjevande og variert arbeidsdag
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Bedriftsidrettslag


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.




Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Catrine Lohne
Seksjonsleiar Pasientportørtenesta
91312116
catrine.lohne@helse-bergen.no
Loading ...
Loading ...

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...