Job type: Deltid, Fast

Loading ...

Job content

Miljøterapeut, natt

Avlasting



I barnebustadane er det no ledig fast stilling som miljøterapeut, våken nattevakt (turnusstilling p.t. arbeid hver 3. helg). Stillingsbrøken er på 67,37%.

Bu-og avlastingstenesta yt tenester til born og ungdommar med særskilte behov, derunder utviklinghemning, autisme og psykiske lidingar. Vi har fokus på at borna og ungdommene skal ha eit meiningsfullt liv med god livskvalitet. Dei fleste har behov for langsiktig omsorg med miljøterapeutisk tilrettelegging. Dei treng trygge og tålmodige vaksne som har stå-på-vilje. Vi søkjer etter medarbeidarar som er robuste, og som bidrar til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Det vil bli lagt vekt på personleg eigning som personleg tryggleik, stabilitet og evne til å romme og tåle utfordringar over tid.

Den som får tilbod om stillinga forpliktar seg til å gjennomføre e-læringsprogram som ein del av kompetansehevande tiltak. Menn oppfordrast til å søkje.


Søknadsfrist:

17.10.2021

Arbeidsgivar:

Ålesund kommune

Stad:

Ålesund

Stillingstittel:

Miljøterapeut, natt

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

67,37

Webcruiter-ID:

4435309558


Arbeidsoppgåver
  • Miljøterapeutisk arbeid med born og ungdom.
  • Utarbeiding og oppfølging av prosedyrer.
  • Handtere uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte.
  • Sørge for trygging og sikkerhet om natta.
  • Skriftleg og munleg rapportering.
  • Praktiske arbeidsoppgåver.
  • Gjennomføring og oppfølging av vedtak etter lov om helse- og omsorgstjenester kap. 9.
  • Bidra til fagleg utvikling.
  • Bidra til samkjørt praksisforståelse og eit godt arbeidsmiljø.
  • Målretta skadeførebyggande arbeid.
Kvalifikasjonar
  • 3- årig helse, sosial eller pedagogisk utdanning på høgskule eller universitetsnivå.
  • Erfaring frå brukargruppa er ein fordel.
  • Må kunne tilegne seg kunnskap i gjennomføring og oppfølging av vedtak etter lov om helse- og omsorgstenester kap.9
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Gyldig politiattest må fremleggast ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
  • Du må vere lojal mot planar og retningslinjer som er til stades for brukarar, samt vere ein god støttespelar til kollegaer.
  • Du må kunne yte omsorg for våre brukarar og deira pårørande, og bidra til eit godt samarbeid mellom avlasting og føresatte.
Vi tilbyr
  • Stilling i ei spennande teneste.
  • Meiningsfylte oppgåver.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Eit godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar


Korsegata 4, 6002 Ålesund, Norge



Kontaktinformasjon
Jon Anders Nordhaug
Verksemdsleiar
91513351
Jon-Anders.Nordhaug@alesund.kommune.no
Stine Sørland
Fagkoordinator
90182360
stine.sorland@alesund.kommune.no
Liv Slinning
Avdelingsleiar
40905140
liv.slinning@alesund.kommune.no



Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Loading ...
Loading ...

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...