Job type: Heltid, Fast

Loading ...

Job content

Miljøterapeut

Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF



Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/ sosionom i f.t. todelt turnus, dag/ aften og tredje kvar helg ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund.

Stillinga vil vere knytta til ordinær miljøterapi i avdelinga, men også deltaking i vårt nye dagbehandlingstilbod, med fokus på kvardagsøkonomi, gruppesamtaler og individuelt tilpassa samtaler, samt fysisk aktivitet og meistring.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Søknadsfrist:

29.09.2021

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Miljøterapeut

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4430951036

Startdato:

01.10.2021


Arbeidsoppgåver
  • Stillinga vil vere knytta direkte til miljøterapi, men også deltaking i vårt nye dagbehandlingstilbod, med fokus på kvardagssøkonomi, gruppesamtaler og individuelt tilpassa samtaler, samt fysisk aktivitet og meistring
Kvalifikasjonar
  • Sosionom
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og godt humør
  • Nytenkande og fleksibel
  • Du må kommunisere godt både internt og eksternt
  • Vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse, fagutvikling
  • Personlig eigna
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår



Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund



Kontaktinformasjon
Eli Skaug
Seksjonsleiar
92290610
Eli.Skaug@helse-mr.no

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

For meir informasjon om helseforetaket, sjåHelse Møre og Romsdal

Loading ...
Loading ...

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...