ID 382-Seljord barne- og ungdomsskule - lærarstilling 100 % mellombels stilling - 2. gongs utlysning
View: 141
Update day: 16-05-2023
Location: Seljord Vestfold og Telemark
Category: Education / Training Civil / Construction
Industry:
Job content
Skildring av eininga:
Seljord barne- og ungdomsskule er ein 1.-10.skule med felles skuleleiing. Skulene ligg ved sidan av kvarandre i to avskilte bygg, men med felles skuleleiing. Skulen har 273 elevar. Skulen arbeider inneverande skuleår med utvikling av skulemiljø gjennom Godskole.
Om stillinga:
Seljord barne- og ungdomsskule har ledig 100% mellombels lærarstilling ved ungdomsteget som kontaktlærar for 9.trinn frå 15.11.2021-31.7.2022.
På ungdomssteget er det behov for undervisningskompetanse i engelsk, KRLE, samfunnsfag og kunst og handverk. Det vil vere ein fordel å ha erfaring frå kontaktlærarrolla.
Skulen ønskjer lærarar med høg kompetanse i klasseleiing, relasjonskompetanse, tilpassa opplæring og IKT som grunnleggjande ferdigheit. I tillegg vil erfaring som kontaktlærar bli vektlagt ved tilsetting. Det vil óg bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr:
- løn etter hovudtariffavtala
- pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
Den som søkjer må spesifisere:
- fagkompetanse
- om ein søkjar stilling på barnesteget eller ungdomssteget
- om ein også søkjer på IKT-ressursperson
- Søkjaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Den som får tilbod om stilling må vise gyldig politiattest før tilsetting. Søkjarar må ha godkjent lærarutdanning eller tilsvarande.
Det vil bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar.
Seljord kommune nyttar nynorsk som målform.
Ta kontakt med einingsleiar/rektor Kjersti Bollerud på telefon 909 54 019 eller e-post: kjersti.bollerud@seljord.kommune.no for meir informasjon om stillingane.
Vi oppmodar spesielt søkjarar som er i undertal i kjønn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist: 6.10.2021
Deadline: 30-06-2023
Click to apply for free candidate
Report job
SIMILAR JOBS
-
⏰ 15-06-2023🌏 Sandefjord, Vestfold og Telemark
-
⏰ 19-06-2023🌏 Larvik, Vestfold og Telemark
-
⏰ 30-06-2023🌏 Tønsberg, Vestfold og Telemark
-
⏰ 18-06-2023🌏 Skien, Vestfold og Telemark
-
⏰ 18-06-2023🌏 Langesund, Vestfold og Telemark
-
⏰ 13-06-2023🌏 Tønsberg, Vestfold og Telemark
-
⏰ 13-06-2023🌏 Larvik, Vestfold og Telemark
-
⏰ 02-07-2023🌏 Larvik, Vestfold og Telemark
-
⏰ 27-06-2023🌏 Tønsberg, Vestfold og Telemark
-
⏰ 14-06-2023🌏 Sandefjord, Vestfold og Telemark