Job type: Heltid, Fast

Loading ...

Job content

Om stillinga


Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin ved Klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Avdeling for laboratoriemedisin og medisinsk mikrobiologi er i ein svært spennande periode etter innflytting i nytt og moderne laboratorium. Det er gjort investeringar i nytt utstyr med stor grad av automasjon og digitale løysingar.


Vi søkjer autorisert bioingeniør i fast 100% dagturnus ved Laboratorium for mikrobiologi, med arbeid mandag- laurdag, samt helligdagar . Ved intern tilsetjing kan det bli ledig kortare vikariat. Opplys i søknaden dersom dette er aktuelt for deg.


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
05.07.2023
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Fagingeniør Medisinsk mikrobiologi
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4678764519

Arbeidsoppgåver

  • Å delta i laboratoriets rutinearbeid
  • Å holde seg oppdatert på informasjon om laboratoriets drift.
  • Å holde funksjonsleder, overlege og kvalitetsledar/fagansvarleg kvalitet orientert om problem og forhold innanfor fag, drift og kvalitet
  • Å medverka til fleksibel, rasjonell og kvalitet sikra drift.
  • Å utføre arbeid etter gjeldande prosedyrar til ein kvar tid og holde seg oppdatert på endringar.
  • Å utføre delegerte arbeidsoppgaver fra fagansvarleg ingeniør.
  • Å delta i prosessar angåande innkjøp av utstyr, reagens, samt delta i prosessar der metodeval inngår.
  • Utprøving og verifisering av nye metodar/ nytt utstyr. Her under ansvar for valideringar og verifiseringsprosessar med bruk av nytt utstyr/lot nummer etter laboratoriets prosedyrar.
  • Å skrive og ajourføre nødvendige prosedyrar
  • Å følge gjeldande retningslinjer og prosedyrar i forbindelse med kvalitet sikring på laboratoriet.
  • Å melde avvik, uhell og forslag til forbetringar.
  • Å delta i avvikshandtering.
  • Å holde seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte.
  • Opplæring, samt å autorisere personell til arbeidsoppgåver innanfor eige ansvarsområdet.
  • Å vere ein fagressurs og støtte kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Helsepersonell med norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring med blodprøvetaking er særs ønskeleg
  • Kunnskap og erfaring i bruk av generelle IKT-verktøy, digitale løysingar og automasjonar nytta i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel
  • Erfaring innen Medisinsk mikrobiologi vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du tilpassar deg lett, er løysningsorientert, lærevillig og fleksibel
  • Du trivst i eit tverrfagleg miljø
  • Du toler å stå i krevjande situasjonar og meistrar høgt tempo
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø

    Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskap og vilje til å ta ansvar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø innan eit fagområde og laboratorium under utvikling
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse:Karmsundsgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Kontaktinformasjon

Rita Danielsen Tyse
Avdelingsleiar
Telefon: 48227403

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.

Loading ...
Loading ...

Deadline: 03-04-2024

Click to apply for free candidate

Apply

Loading ...
Loading ...

SIMILAR JOBS

Loading ...
Loading ...